Etter endringen lyder de aktuelle paragrafene som følger:
- § 2-16 Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) lyder nå slik:
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.
- § 3-13 Opplæring av elevar, lærlingar og lærekandidatar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) lyder nå slik:
Elevar, lærlingar og lærekandidatar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Når ein elev eller lærekandidat ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven eller lærekandidaten rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.
- § 3-14 Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) lyder nå slik:
Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i § 3-6. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.
- § 4A-13 Opplæring av vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) nå slik:
Vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4a-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.
Innføring av en egen lovbestemmelse som gjelder om barn i førskolealder som har behov for ASK, vil bli vurdert i forbindelse med flytting av retten til spesialpedagogisk hjelp for førskolebarn fra opplæringsloven § 5-7 til barnehageloven, jfr Stortingsmelding nr 18 (2010-2011) Læring og fellesskap avsnitt 4.2.2.
Les hele Opplæringslova hos lovdata.